Planane framover

Martin Aspebakken Sværen - 02. 04. 2009 12:00

Liten forklaring på kva som skjer framover. Les velkommen posten for hjelp om registrering.

No er alle laga ferdig med å spela kampar og me skal alle ha ein velfortent påskeferie.

Kva har skjedd:
Me har avholdt eit stiftelsesmøte der me bestemte nye vedtekter og valte eit nytt styre, sjå under menyvalg "Formelle saker" for referat. I tillegg har ein gjort avtalar med Hovudstyret i NTNUI korleis det reint praktisk skal foregå med samanslåing.

Kva skjer no før sommaren:
Planlegging av neste sesong er i gang og ting som skal avgjøres før sommaren er:
- kven som skal trena dei ulike laga, her må gjerne alle komme med innspel.
- fordeling av treningstid
- bestilling av drakter og andre artikler
- påmelding i serier, cupar og Køben!!

Kva forventes av deg som vanlig medlem:
Det vil nok bli ein del endringar for alle saman, så det er viktig at det er flinke til å gi tilbakemelding om det er noko du meiner er gjort feil eller kunne vore gjort litt, det er sjølsvagt også lov med positive tilbakemeldingar. Ellers så det stort sett å gjera som vanleg; nemlig å spela håndball, ha det moro og utføre bittelittegranne dugnad.

Spørsmål ?
Om du har nokon så ta gjerne kontakt med meg underteikna. Kontaktinformasjon til meg ( og resten av styret) finn du her.

mvh
Martin A. Sværen
Leiar NTNUI Håndball.